Generic filters
Exact matches only

Ulsteinviks store son, Bjartmann, har i sin generøsitet stigi ned frå si trone av utrydningstrua dyreartknoklar og sett seg på sin bærestol (boren av etniske minoritetar) for å oppsøkje resten av landet.

Bjartmann (38) er ein superhelt som har følgjande karakteristika: Litt sterkare enn normalt. Mykje betre til å brase gjennom murveggar enn normalt. Heilt ok høyrsle. Litt under middels dybdesyn. Sommardrakt, brun, tettsittande, med hundeøyre og hundenase, av robust lateks. Vinterdrakt, same fasong, men strikka av brun ulltråd.