Generic filters
Exact matches only

Etter femten år borte frå teikneseriar så er han meir produktiv enn nokon gong. Når Jens K Styve gjer noko så er det oftast ikkje berre litt.

I JensK Sesong 1 er det magekjensle, intuisjon og inspirasjon som styrer skuta. Det vekslar frå einsidige vitsar, slapstick og poesi til mytiske karakterer, historiske rammer, biljakt og drap. Alt samla mellom desse permane med betraktingar frå kunstnaren sjølv inkludert. Laga ut frå teorien om at det som er gøy å laga kan bli gøy å lesa. Som han sjølv seier:

”Dersom det er berre halvparten så gjevande å lesa desse sidene som det har vore å laga dei, så skal eg prisa meg lukkeleg”.

Jens K Styve (f 1972) er serieteiknar, illustratør og forfattar. Han har gjeve ut romanane Friedland (Samlaget, 2013) og Eg, Ove Kvamme (Cappelen Damm, 2007). Av teikneseriar har han mellom anna gjeve ut boka Du er ein luring, Finn Bjølseth (Jippi, 2000).

Han er fødd og oppvaksen på Hjelmås i Nordhordland, kjenner seg heime både i Bergen og i Oslo. Mest heime er han likevel i Tromsø der han livnærer seg som grafisk formgjevar i Tank Design.

Beskrivningen är hämtad från förlagets hemsida